INGEBORG G RAVNDAL • MOBIL 990 46 044
         PER RAVNDAL • MOBIL 913 04 334 • ETTERLID 6800 FØRDE



Ugrasfri, solda jord frå Etterlid. Eit unikt produkt fordi du slepp ugrasbekjemping i etterkant.

Jorda er eigna til:

  • nyetablering av hagar
  • renovering av eldre plenar
  • såing av midtrabattar, og rundt offentlege bygg

Eit godt alternativ for hageeigarar, anleggsgartnarar, entrepenørar og kommunar.

Fakta om hagejord frå Etterlid:
Skriv ut (pdf)

Ugrasfri jord til bruk i bed, plenar, grøntanlegg m.m.

Opphavet til jorda er rein torv og rein sand som er blanda saman. Torv og sand er i utgangpunktet næringsfattige jordtypar. Hagejord frå Etterlid må difor gjødslast og kalkast før ein sår gras-/plenfrø.

Resultat av jordanalyse:

Vol.vekt
Jordtype
Moldinnhald
pH
P-AL
K-AL
1,17
Moldhaldig
sandjord
4,5 - 12%
4,7
5
1

Gjødslingsråd:

Sidan jorda er fri for ugrasfrø bør ein gjødsle jorda med kompost/kompostert husdyrgjødsel eller fullgjødsel.

Husdyrgjødsel: 200 - 300 l pr 100 kvm
Mineralgjødsel: 7 kg Fullgjødsel 18-3-15 pr 100 kvm.

Kalkingsråd:

Helst bør kalken blandast inn i øvste 10 - 15 cm av jorda. Då kan ein ha på all kalken som skal til for å få høveleg pH til dei fleste vokstrar (pH 5,8-6,0). Ved overflatekalking må ein dosere moderat og kalke på nytt etter 2-3 år og etter 5-6 år.

Innblanding:        100 kg grovkalk/finkalk pr 100 kvm.
Overflatekalking: 30 - 40 kg grovkalk/finkalk pr 100 kvm

Vi ordnar om naudsynt transport.




Lykke til!